Foto: Henta frå pexels.com

Vil du vera utsending?

Som medlemslag eller aksjonær har Bondeungdomslaget rett til utsendingar til årsmøta i Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Bygdelagssamskipnaden (BLS), Det Norske Teatret og Dag og Tid. Gjennom utsendingane sine kan laget vere med på å påverke og gjere kjent BUL sine standpunkt i ulike saker. Det er årsmøtet i BUL 21. mars som vel utsendingar. I år skal BLS ha årsmøte før BUL, så desse utsendingane skal veljast i lagsmøte 19. mars.

BUL har utsendingar til desse møta i år:

Bygdelagssamskipnaden, 19. mars i Oslo
Noregs Mållag, 12.-15. april i Vinje
Dag og Tid, 17. april i Oslo
Det Norske Teatret, 28. april i Oslo
Noregs Ungdomslag, 28.-29. april i Oslo

Dersom du ynskjer å vere utsending, kan du sende ei melding til lagskontoret. Reise og opphald blir dekt.

Følg oss på sosiale media