Vi lyser ut stillinga som dagleg leiar

Dagleg leiar Kari Bøyum skal byrje i ny jobb og sluttar av den grunn i BUL, etter 18 år i laget. Vi lyser difor ut stillinga som dagleg leiar.

Vi ønskjer ein person som i samspel med styret og dei tilsette skal vere med på å utvikle laget og aktivitetane, og huset som kulturhus, og du vil difor i noko grad kunne påverke organisering og innhald i stillinga avhengig av bakgrunn og kompetanse.

Dette er dei viktige ansvarsområda:

  • leiing av kontoret og organisasjonen, for å nå laget sine overordna mål  i strategiplan og handlingsplan
  • styresekretær med saksutgreiing og oppfølging av vedtak
  • rekneskap og økonomisk oppfølging
  • organisering av kontoret og personalleiing
  • hus- og arrangementsoppfølging
  • koordinering og oppfølging intert og eksternt
  • deltaking i interne og eksterne fora

 

Stillingsannonsen finn du her: https://www.finn.no/124542480.

Del gjerne på sosiale medium eller med nokon du kjenner som kan vere interessert.

Følg oss på sosiale media