Sommarfest på Bondehytta

Hyttestyret inviterer til sommarfest på Bondehytta laurdag 16. juni kl 16. Dette er Bondeungdomslaget si store hytte som ligg flott til ved Ørfiske i Nordmarka, og i fjor var det 100 år sidan hytta kom i Bondeungdomslaget si eige.

Vi ville gjerne grille på festen, men grunna stor skogbrannfare i marka, finn vi på noko anna. Badetemperaturen derimot skal vere tett på 20 gradar 🙂 Det er folk på hytta frå fredag kveld til sundag ettermiddag så folk er velkomne til å komme når som helst.

Gje gjerne ein lyd til oystein.gammersvik att gmail dott com om de vil vere med, eller har spørsmål, men det er òg mogleg å berre dukke opp.

Hyttestyret vil også hogge ved i helga, så om motorisert vedverktøy er noko du likar så er du hjarteleg velkommen til å hjelpe til.

Kart:
http://goo.gl/maps/JVcng

 

Dato
16. juni 2018
Kl.16.00

Følg oss på sosiale media