Personvern i BUL

Som dei fleste truleg har fått med seg, har det blitt innført nye personvernsreglar i Europa og frå juli av, også i Noreg. Dette kjem også til å påverke BUL, men hovudsakleg lagskontoret og tillitsvalde – altså dei som har tilgang til medlemslister og/eller har nøkkel til kontoret.

Nokre av punkta i direktivet som er spesielt viktig for BUL er:

o     Handtering av lister: Lagskontoret og tillitsvalde handterer ein del lister med personopplysningar. Sjølv om desse sjeldan inneheld sensitiv informasjon, forbetrar vi rutinane på å gi tilgang til, oppbevare og slette medlemer sine personopplysningar, i samsvar med GDPR. Prinsippet er at berre dei som treng tilgang, får tilgang og berre til dei personopplysningane vedkomande treng.

o      Nøklar: Vi har utført ei «nøkkelopprydding» slik at vi har betre oversikt over kven som treng å ha nøkkel til lagskontoret.

o     Samtykke: I samband med GDPR kjem vi til å sende ut eit skjema til alle medlemer der dei kan velje om dei ynskjer å få medlemsblad frå NU i posten. Til no har vi ikkje operert med eit aktivt samtykke, dvs. at vi har registerert at du skal få bladet med mindre du har gitt beskjed. Når det gjeld anna informasjon frå laget, kan du lese meir om dette i personvernerklæringa vår.

For organisasjonar som BUL er det viktig å ha gode rutinar på å behandle personopplysningar, medan ein frivillig organisasjon også er avhengig av nettopp frivillige. Vi ynskjer altså ikkje at GDPR skal føre til at dei personane de har valt som dykkar tillitsvalde, ikkje skal få utført den verdifulle jobben dei gjer for særlaga sine. Vi har difor sendt informasjon og innhenta stadfesting frå tillitsvalde på at dei har oppdatert seg på det nye direktivet og skal etterleve det. Slik vonar vi å sikre at personopplysningane dykkar er trygge, samstundes som det ikkje skal ha ein negativ effekt på aktiviteten i laga.

Les personvernerklæringa vår her:

 

Personvernerklæring for BUL Oslo

Følg oss på sosiale media