Øystein Bagle-Tennebø tilsett som ny dagleg leiar i BUL

Øystein Bagle-Tennebø (44) er tilsett som ny dagleg leiar i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL). Bagle-Tennebø er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI og har nyleg vore personalsjef i Høgre. Han er frå Måløy og bor i Oslo. Han har også tidlegare arbeidd med rekruttering/HR og vore controller. Øystein Bagle-Tennebø skriv om musikk i musikknyheter.no, og er forfattar av to bøker.

– Vi er svært glade for at Øystein Bagle-Tennebø har takka ja til å starte i BUL. Han har organisasjonserfaring, kunnskap om økonomi, kjenner politiske prosessar, og er god til å handtere folk med ulik bakgrunn. Alt saman viktig for å handtere dei mange ulike oppgåvene til ein dagleg leiar i BUL, seier styreleiar Terje Svindseth.

Øytein Bagle-Tennebø tek til i stillinga 24. september.

 

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart stifta i 1899 og er ein frivillig organisasjon med omlag 800 medlemmer, som driv aktivitetar innan idrett (Idrottslaget), teater (Teaterlaget), folkedans (Leikarringen), kor (Songlaget) og målsak.
Laget har to hytter; Bondehytta i Nittedal og Røkleivhytta i Nordmarka, og driv kulturhuset Nynorskens hus i Rosenkrantz gt 8, med ei rekke ulike arrangement i eigen regi og i samarbeid med andre. BUL eig Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. BUL er medlem i både Norges Mållag og Noregs Ungdomslag, og er største aksjonær i Det Norske Teatret, og medeigar i Den mangfaldige scenen. 

 

 

Følg oss på sosiale media