Nytt medlemssystem

Me i BUL har vore så heldige og lenge hatt eit skreddarsydd medlemssystem, laga og vedlikehalde av Trond Reitan. No er tida inne for å skifta til eit nytt system.

Systemet me tek i bruk heiter Styreweb. Det blei lansert i 2006 og alle deira kundar er foreiningar. Dette fokuset ser me på som positivt og trur det vil føra til at systemendringar og -oppdateringar baserer seg på våre og andre medlemsorganisasjonar sine aktuelle behov. Andre grunnar til at me valde StyreWeb er oppdaterte personvernsomsyn, eit godt inntrykk av deira kundeservice og, for IL i BUL sin del, at det er godkjent av NIF.

Styreweb er 100 % nettbasert som gjer at både tillitsvalde og kontoret kan administrera det frå kvar som helst i verda. Funksjonar særlaga kan dra nytte av er til dømes dokumentarkiv, arrangement og grupperingar. Medlemer kan oppdatera informasjon om seg sjølv og kommunisera i appen Gnist (Windows, Mac, iOS og Android). Basert på desse eigenskapane til Styreweb, har me eit håp om at systemet etterkvart kan brukast aktivt av medlemer og tillitsvalde.

Me er no i startprosessen, noko som gjer at kontingent for 2018 vert sendt ut litt seinare enn det blei i fjor. Me håpar både dette og resten av oppstarten går smertefritt og at særlaga kjem til å setta pris på dei nye moglegheitene med StyreWeb.

Følg oss på sosiale media