Medlemskort 2018

Nokre av medlemene har etterspurt medlemskort, og dette får de snart.  BUL innførte nytt medlemssystem frå nyttår, og om kort tid vil de få tilgang til Gnist, medlemen si eiga side i systemet. Etter betaling av medlemskontingent blir medlemskortet automatisk synleg i Gnist. De kan også oppdatere eigne opplysningar der og elles ha full oversikt over betalingar, relevante aktivitetar og meldingar frå BUL.

Gnist er tilgjengeleg på mobil, nettbrett og pc/mac. Dersom de er ynskjeleg kan medlemskortet skrivast ut derfrå. De kan laste ned Gnist gratis som app, tilpassa både for iPhone og Android.

Til Gnist er klar for distribusjon om få dagar kan de handle med rabatt i Kaffistova og Heimen ved å vise kvittering for betalt kontingent/betaling i nettbank.

Oppdatering: Me sendte ut invitasjon til Gnist 12. mars. Der kan du finna medlemskortet ditt og betalingshistorikk og du kan oppdatera kontaktinformasjonen din. Håpar så mange som råd tek i bruk og kan dra nytte av Gnist. Dersom du ikkje har fått denne invitasjonen på e-post kan du ta kontakt med kontoret.

Følg oss på sosiale media