Om Bondeungdomslaget i Oslo

Velkommen til Bondeungdomslaget i Oslo – BUL. BUL (uttale: bull) vart stifta 15. oktober i 1899 og er ein aktivitets- og kulturarvorganisasjon, som er open for alle som har lyst å vere med på aktivitetane våre. Laget bygde Rosenkrantz’ gate 8 – Bøndenes Hus – i 1913, der laget har administrasjonen sin og Teatersalen. I dette huset er Hotell Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husfliden og Solhjell som alle er eigd av BUL. Sidan 1901 har BUL drive slik forretningsverksemd for å finansiere aktivitetane våre.

Aktivitetane våre blir drivne gjennom eigne særlag:

  • folkedans i Leikarringen
  • idrett i Idrottslaget
  • korsong i Songlaget
  • teater i Teaterlaget
  • målarbeid gjennom målnemnda.
  • barnefolkedans tilbyr vi no gjennom gruppa BULder & Brak (organisert av Leikarringen) og gjennom Barnelaget i BLS, som held til i Bygdelagssamskipnaden (BLS) sine lokale i Nordahl Bruns gate 22.

Idrottslaget har aktivitetane sine primært på Bislett Stadion, dei andre laga øver i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8, midt i Oslo sentrum.

BUL er ein del av mål- og ungdomslagsrørsla og er medlem av

  • Fylkesmållaget Vikværingen og Noregs Mållag
  • Fylkeslaget Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noreg Ungdomslag (NU)

Vi har eigarinteresser i

  • Barne- og ungdomsteatret Den mangfaldige scenen AS
  • Det Norske Teatret – Noregs viktigaste teater
  • Vekeavisa Dag og Tid
  • Norsk Barneblad

Vi har to hytter, Røkleivhytta og Bondehytta, som vi leiger ut til medlemmer og andre. Vi leiger også ut Teatersalen og lagsrommet i Rosenkrantz´gate 8.

Har du spørsmål til dette og meir til, kan du finne kontaktinformasjon her.

BUL er eit lag for folk i alle aldrar.
Vi er eit ungdomslag i byen, og heilt sidan 1899 har vi hatt aktivitetar for store og små.