Herfinn Brekke døydde 27. januar 2018

Ein av dei eldste medlemene i BUL er gått bort. Herfinn Brekke døydde 27. januar, nær 98 år gamal.

Herfinn var frå Gulen i Sogn og meldte seg inn i laget allereie i 1946. Han hadde stor interesse for idrett og friluftsliv og var medlem av Idrottslaget. Herfinn og kona Magnhild møtte trufast opp på tilskipingar i laget, og på 17. mai tok dei gjerne med andre i familien òg. Herfinn var ein flink forteljar, og det er ikkje så mange år sidan han fortalde Vossa-stubbar på den årlege julegrauten. Herfinn vert bisett frå Vestre Gravlund gamle kapell måndag 5. februar kl. 10.

Vi lyser fred over minnet hans.

Følg oss på sosiale media