Årsmøte 18. april kl. 18.30

Onsdag 18. april kl. 18.30 er det nytt årsmøte i laget. Vi skal behandle ei lovendringssak, og så skal vi godkjenne eit vedtak om alkoholservering på Kaffistova/Bondeheimen.

Møtet vert halde i Industrisal på Håndverkeren kurs- og konferansesenter, Rosenkrantz’ gate 7 (inngang frå Kristian IVs gate).

 

  1. Lovendring for å forenkle arbeidet i laget

Vi hadde ordinært årsmøte i laget 21. mars. Fordi det ikkje var møtt opp nok folk, fekk vi ikkje vedtatt ei lovendring om nedlegging av kontrollnemnda i BUL. Vi prøver difor no på nytt.

Dette kan framstå som ei lita sak, men det er viktig for å redusere arbeidsmengda for tillitsvalde i laget. Arbeidet som kontrollnemnda har gjort, blir i stor grad også gjort i samband med revisjonen, som blir utført av ein ekstern revisor. Lagsstyret og rådet meiner difor at det ikkje er nødvendig å nemne opp folk til ei kontrollnemnd, og vil avskaffe henne, men då må vi altså endre lovene i laget.

Det må vere om lag 30 røysteføre medlemmer til stades på årsmøtet for å gjere denne lovendringa, og 2/3 av dei frammøtte må stemme for endringa.

 

  1. Prøveordning med alkoholservering på Kaffistova

I 2017 bad Bondeheimen/Kaffistova om å få gjennomføre ei prøveordning med alkoholservering for lukka lag på Kaffistova. Bakgrunnen er m.a. at dei mister enkelte kundegrupper til andre restaurantar pga. manglande alkoholservering. T.d. er det lita interesse for julebord når det ikkje er alkohol til. Forretningane ser altså eit inntektspotensiale her.

Laget gav på årsmøtet i mars 2017 forretningane lov til å gjennomføre ei prøveordning med alkoholservering fram til årsmøtet i 2018. Av ulike årsaker, m.a. sein tildeling av skjenkeløyve frå kommunen, var den reelle prøveperioden svært kort, og Bondeheimen meiner det er vanskeleg å trekke klare konklusjonar frå prøveordninga (sjå evalueringsrapport).

Dei ber difor om ein forlenga prøveperiode fram til utgangen av juni 2019. Lovene i laget er slik at dersom det skal gjerast vedtak om språk, alkohol eller sal av eigedommen vår, skal dette godkjennast av årsmøtet i laget. Dette fordi edruskap er ein viktig grunnpilar for BUL, og det er eit generelt forbod mot sal og servering av alkohol i eigedommen vår i Rosenkrantz» gate 8.

 

Onsdag 18. april er det difor først generalforsamling i forretningane, som skal diskutere og ev. vedta om Kaffistova skal kunne servere alkohol i ein forlenga prøveperiode.

Deretter må årsmøtet i BUL godkjenne ei slik endring. Det er difor vi innkallar til eit nytt årsmøte. Ei slik godkjenning krev at halvparten av dei frammøtte medlemmene stemmer for.

Med andre ord: Møt opp på årsmøte 18. april og sei kva du meiner om desse sakene.

Som det heiter i politikken: Di stemme er viktig!

 

Rapport om sal og servering av alkohol i R8

Framlegg til endring av lagslova 2018

 

Dato
18. april 2018
Kl.18.30

Følg oss på sosiale media