Foto: Terje Svindseth

Utleige av Teatersalen og lagsrommet

Midt i hjartet av byen, i Rosenkrantz»  gate 8, leiger Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) ut Teatersalen og Lagsrommet.

Teatersalen i BUL har lange tradisjonar som kulturhus i Oslo, m.a. var dette hovudscenen til Det Norske Teatret fram til 1947. Salen er nymåla i ein farge som vi har funne i dei gamle målingslaga, og som NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) har datert til fleire tidsepokar då m.a. Det Norske Teatret heldt til i salen.

Salen har ei golvflate på om lag 230 m2 med nye stolar og bord, lerret, flygel og enkelt lydanlegg med to mikrofonar. Det er installert nytt ventilasjonsanlegg som gir god og balansert lufttilførsel i salen. (Konferanse maks ca. 77 bord og 154 stolar/kino-oppsett maks 225 stolar).

Då vi ikkje er eit konferansesenter, er utleiga basert på at de ordnar det meste sjølve, både oppsett og rydding. Det er ikkje tillatt med alkoholservering i lokala våre, eller å nyte alkohol i eller utanfor lokala.

Sjå her når salen er ledig

Teatersalen til BUL

Teatersalen i BUL

Lagsrommet i BUL er på ca. 90 m2 og er nyleg pussa opp frå grunnen av. Lagsrommet passar godt til mindre konferansar/møte. Rommet har balansert ventilasjon, god akustikk, Internett-tilgang, lerret i taket og videokanon. (Konferanse ca. 15 bord og 30 stolar/kino-oppsett ca. 40-50 stolar.)

Sjå her når Lagsrommet er ledig

Lagsrommet

Lagsrommet

Dersom det er behov for servering og overnatting, kan dette lett ordnast gjennom Kaffistova og Hotell Bondeheimen som ligg i same bygg.

Ynskjer de å leige lokale, fyll ut skjemaet nedanfor

Førespurnad om leige
*) Berre tilgjengeleg i Teatersalen
Sending

Følg oss på sosiale media