Foto: Terje Svindseth

Røkleivhytta

Røkleivhytta ligg vest for Tryvannshøgda i Nordmarka, og har vore lagshytte for Bondeungdomslaget i Oslo sidan 1916. Ho er stor og romsleg med sitjeplassar til minst førti i storstova. Kjøkkenet er stort og fungerer fint til matlaging.

Hytta er relativt stor, i to etasjar og med full kjellar. Det er :

  • Innlagt straum og vatn
  • I storstova er det peis og ein vedovn. Det er også ein vedovn i kjøkkenet
  • Sengeplass til 15-20 personar fordelt på tre soverom.
  • I tillegg er det eit loft med madrassar som er eigna overnatting for barn og vaksne som ikkje er så kresne. Sjå detaljert oversyn over soveromma heilt i botn av sida.
  • Peisestove med to sofaer og lenestolar. Spiseplass til 40-50 personar.
  • Veslestova har to sofaer og ein del stolar. Det er TV med NRK1, NRK2 og NRK3. Radio i kjøkkenet
  • Komfyr m/steikeomn (ikkje varmluft) og to ekstra kokeplater, vasskokar, oppvaskbenk, oppvaskmaskin og spiseplass til åtte i kjøkkenet.
  • I kjellaren er det bad med ein dusj.
  • I uthuset er det utedo og vedskjul.

Utanfor hytta er det opparbeidd eitt flatt uteareal til ulike aktivitetar.

Det er alkoholforbod i hytta og på heile tomta (inkludert uteområdet).

Praktisk informasjon

Prisar:

1 200 kr per natt,
2 500 kr for ei helg. Helgeprisen gjeld uavhengig om ein leiger hytta for ei eller to netter.

Medlemer av Bondeungdomslaget kan leige hytta til 150 kr per person per natt. I helgene er det dyrare, prisen avheng av kor mange personar som skal overnatte. Ta kontakt for meir info.

Du må betale på førehand til konto 8101 07 04537 (vent til du har fått stadfesting på at hytta er ledig!). Betalinga må merkast med «Røkleivhytta» + namnet ditt + datoen du skal leige hytta.

Tinging

For å tinge hytta skal du trykke på Sjå når hytta er ledig. Der kan du legge inn ein førespurnad om å leige hytta. Førespurnaden blir handsama så snart vi kan, men det kan ta noko tid før du får svar. Vi kan seie nei til leige dersom vi meiner leigetakar ikkje vil oppfylle vilkåra, m.a. nytte hytta til festar med alkohol.

Når de har fått eit positivt svar skal de betale leigesummen. Denne må vere betalt før de hentar nøkkelen.

Betaling

Leiga set de inn på fylgjande konto: 8101 07 04537. Betalinga må merkast med «Røkleivhytta» + namnet ditt + datoen du leigde hytta. Ta med kvittering når de hentar nøklar!

Nøklar

Når du har fått stadfesta at de får leige hytta og har betalt, kan de hente nøklar på kontoret til Bondeungdomslaget i Rosenkrantz» gate 8, 0159 Oslo kl. 9-16 på kvardagar. Ring gjerne 23 21 61 60 på førehand for å avtale tidspunkt.

Nøkkelen må leverast tilbake seinast tre dagar etter de har vore på hytta.

Avbestilling

Avbestiller de hytta seinare enn ein månad før de planla å leige henne, må de betala 25 prosent av leiga.

Hærverk, skade eller manglande rydding/vasking:

Ve kan ta eit depositum på opptil 2 000 kroner i tillegg.

Dersom det blir gjort hærverk på hytta eller noko blir skada, manglar eller fører til at vi må bruke tid og pengar på opprydding og kontroll, kan vi krevje ekstra betaling.

Dersom noko blir skada, så ta kontakt med hyttestyret eller lagskontoret umiddelbart og gje melding om kva som har skjedd.

Ta med dette på hyttetur

Sovepose
Det er ikkje sengetøy på hytta – berre madrassar i køyesenger og enkeltsenger – så ta med sovepose. Det er ein del tepper rundt omkring.

Sko og ryggsekk

Det er fint turterreng og ein ganske lett tur til hytta, men ta likevel med gode sko/støvlar. Det kan vere vått i enkelte periodar, om vinteren kan det vere mykje snø. Dette er ikkje staden for trillekoffert, så bruk ryggsekk.

Tøflar/ullsokkar
Det er lurt å ta med seg tøflar/ullsokkar når de reiser opp, for det kan vera golvkaldt.

Mat og drikke
Ta med mat og drikke. Det skal ikkje oppbevarast mat på hytta, sidan det tiltrekker seg mus. Men det er kjøleskap, matskap, bestikk, kjøkkenutstyr, vasskokar og oppvaskmaskin, slik at de har det meste de treng til matlaginga.

Vaskefiller og klutar
Vaskefiller og klutar må de ta med sjølv. De treng golvfiller, kopphandklede og vanlege bordvaskefiller. Støvsugar finn de i gangen bak kjøkenet.

Kome seg til hytta

Med bil:

Køyr til Rødkleivfaret og parker på parkeringsplassen heilt inst i vegen. Sjå korleis du skal køyre frå Smestad til Rødkleivfaret.

Det er det viktig at de parkerer slik at andre kjem forbi dykk. Ta med så få bilar som mogleg, og parker på snuplassen, ut mot skogen.

Med T-bane:

Ta t-bana til Lillevann stasjon. Kryss over sporet og fortsett nordover på vestsida av sporet langs vegen Rødkleivfaret. Finn rutetider her

Etter fem minutt kjem du til parkeringsplassen ved enden av Røkleivfaret. Gå så tjue meter nedover ein grusveg før du tek til høgre inn i skogen. Fylg stien over den gamle skiløypa og vidare. Etter 10-20 minutt, avhengig av snømengder og fysisk form, kjem du til hytta. Det er ca 600 meter å gå.

Du kan fylgja sommarmerka sti heilt til du ser ei stor, mørkebrun hytte. Då er det berre ein nedoverbakke og ein oppoverbakke igjen. Det kan vere vanskeleg å gå ned denne bakken om vinteren, så bruk gode sko!

På hytta

Vasspumpe
Det er vasspumpe i hytta. Denne kan de starte med den svarte knappen i vasspumperomet, som ligg bak 1. dør til venstre i det nedste dusjromet i kjellaren. Det er ein feil på pumpa, så inntil det kjem elektrikar vil vasspumpa ofte kopla seg ut, slik at det vert redusert vasstrykk.

Ved og oppvarming
Det er noko ved i uthuset. Vedkassene inne i hytta (veslestova, storstova og kjøkenet) må fyllast opp før de dreg frå hytta. Vi må hogge og kløyveall veden ved hytta – det er umogleg å transportere ved inn til hytta; så bruk ved med måte. Vi kan ikkje garantere at det er ved når de skal leige.

Det er panelomnar i hytta som skal brukast til vanleg oppvarming, veden er til kos og hygge på peisen!

IKKJE bruk ved frå vedskjulet til å lage bål ute. Finn heller tørre greiner o.l. i skogen – det er meir enn nok å ta av.

Utedo
Utedo er på baksida av uthuset bak hytta. Nøklar til utedoane  heng i gangen, bak døra inn til kjøkenet. Hugs på å henga dei der før de forlet hytta! Det er ljos i uthuset (der er òg fastmontert batteriljos om straumen sviktar).

Det skal ikkje kastast bind, plast og anna uorganisk avfall i utedoa!

Alarmanlegg
Hytta er kobla til alarmanlegg.
Ikkje ta ut kontakten til alarmanlegget i gangen bak kjøkenet!

Oppvaskmaskina
Hytta vert brukt av mange, difor skal alt vaskast på 65 grader.
Maskina bruker litt over to timar på ein vask. Hugs difor å setja på siste vasken i god tid før du forlet hytta.

Vaskemiddel finn du i skåpet under vasken.

Før du dreg skal du:

  • Tøma oppvaskmaskina
  • Setja alt på plass i rett skåp
  • Steng vatnet til maskina
  • Dra ut stikkontakten til maskina
  • Set døra til oppvaskmaskina på glytt.
  • Dersom det er lite oppvaskmiddel att når du dreg seier du frå om dette til lagskontoret når du leverer nøkkelen.

Reingjering av hytta
De må støvsuge og vaske hytta før de reiser.

Vaskefiller og klutar må de ta med sjølve. De treng golvfiller, kopphandklede og vanlege bordvaskefiller. Støvsugar finn de i gangen bak kjøkenet.

Det er viktig at alle som bruker hytta vaskar skikkeleg og fjernar alt av søppel og alle matrestar.
Dersom det ikkje er gjort skikkeleg, sender me rekning på arbeidet.

Søppel
Det ligg posar for kjeldesortering av søppel i nedste skuffa under glaset på kjøkenet. Søppelet kastar de i den søppelsdunken på parkeringsplassen ved Røkleivfaret. Denne er klart merka med Røkleivhytta.

Alt søppel skal kjeldesorterast. Plast skal i blå posar, matavfall skal i grøne posar og restavfall skal i vanlege plastposar. Tome mjølkekartongar, juskartongar og anna med matrestar på skal kastast i søppeldunken.

Det skal ikkje setjast att mat på hytta. Det inkluderer tørrmat, saft og ketsjup. Alt du tek med til hytta skal du ta med når du reiser.

Før du går

  • Fyll opp alle vedkassane med ved frå bua. Ikkje sløs med veden! Hugs at panelomnane skal brukast til oppvarming, veden er berre til kos og hygge (det er mykje arbeid å hogge ved!).
  • Lås utedo og bua. Heng nøkkelen til utedoa i gangen ved kjøkenet.
  • Sjå til at alle støpsel er tekne ut av stikkontaktane.
  • Det står elektroniske museskremmarar i enkelte stikkontakter. Desse skal stå i!
  • Slå av alt lys.
  • Frå oktober og ut april skal panelomnen på badet nede i kjellaren stå på 10 gradar.
  • Set varmekablane på bada/i dusjen på minimum. Lukk dørene til bada.
  • Setja panelomnen på kjøkenet på 10 gradar. Lukk dørene til kjøkenet.
  • Alle andre omnar skal vera av. Ta ut støpsel.
  • Sløkk og ta ut stikkontakt til fjernsynet og dekodar.
  • Sjekke at alle vindauge er stengde.
  • Sjekke at alle dører er låste.
  • Ta med søppel og kast det i dunken ved Rødkleivfaret.

Levere nøklar

Nøklar skal leverast tilbake til Bondeungdomslaget i Rosenkrantz» gate 8, seinast 3 dagar etter avslutta leige.

Kontroll

Vi tar rutinesjekk på hytta etter kvar utleige. Dersom vi oppdagar ting som ikkje er som dei skal, vil vi ta kontakt.

 

Prøv også Bondehytta i Nittedal

Følg oss på sosiale media