Ombygging i Rosenkrantz’ gate 8

NYE HOTELLROM OG KONTOR I ANDRE ETASJE

Bøndenes Hus AS og BUL har tidlegare vedtatt å bygge om andre etasje til hotellrom og nye kontorlokale. 15 nye hotellrom skal gi Hotell Bondeheimen moglegheiter til auka inntening som igjen dannar grunnlaget for betre økonomi for laget. Etter ombygginga vil både administrasjonen i forretningane og laget ha kontor der lagskontoret var tidlegare.

Lagskontoret til BUL vil midlertidig ha kontor i 7. etasje fram til mai 2017. Mobilnr. 905 14 160. Administrasjonen i Bøndenes hus AS har også kontor i 7. etasje under ombygginga. Dei tilsette i Idrottslaget i BUL har kontor på Bislett i same perioden og kan treffast på mobil 905 79 476.

Oppussinga i andre etasje er i full gang. Arbeida starta opp i midten av oktober og vil halde fram til midten av mai. Arbeidet med etablering av dei nye kontora og hotellromma påverkar også dei andre verksemdene på huset. Her er litt av det som vil skje/har skjedd:

Arbeida på Systova er ferdige og arbeidsområdet til Systova no er tatt i bruk igjen. Systova har fått nye toalett og ei oppfriskning av garderoba si. Nye prøverom og nødvendige tekniske installasjonar for bunadstilvirking er snart ferdige.

I samband med nye avløpsrøyr i andre etasje over Heimen må dessverre butikken halde stengt av sikkerhetsmessige årsaker og av hensyn til arbeida som vil foregå der. Butikken blir pakka ned i romjula og stengd dei første vekene av januar. Arbeida skal vere ferdige seinast 23. januar.

NYTT WIFI- OG TV-SYSTEM I ROSENKRANTZ’ GATE 8

Det er inngått avtale om levering og drift av nytt wifi gjestenett (gjeld også Lagsrommet og Teatersalen) og nytt TV-system for hotellromma.

HEIMEN HUSFLIDEN AS

Ombygginga som har pågått dei siste månadene vil halde fram også dei neste månadene.

 

Følg oss på sosiale media