Olav Aaboen døydde 28. mars 2017

Ei eldsjel er gått bort

Olav Aaboen, heiderslagsmann både i Idrottslaget og Bondeungdomslaget, er gått bort, 87 år gammal etter tung ei tid med alvorleg sjukdom dei siste åra.

Olav var fødd i 1929 og voks opp i Skjåk i Gudbrandsdalen. Som så mange andre evnerike og spreke bygdegutar på den tida gjekk karrierevegen hans via befalsskulen i Forsvaret, der har til slutt fekk majors grad. Til BUL og Idrottslaget kom han i 1958, der han fyrst og fremst fekk stella med orientering og skiidrett, begge idrettsgreiner som han sette høgt. Med friidrett, orientering, skisport og kvinnefotball på toppnivå i laget var det nok av oppgåver å ta fatt på. I BUL vart Olav og Arne Haukvik eit radarpar som fekk til mykje. I Idrottslaget var Olav ein fast, handlekraftig og påliteleg tenestemann heilt fram til 2011 då han måtte trekkja seg tilbake etter eit hardt åtak med helveteseld.

Olav var lett å samarbeida med og hadde grep om både store og små tilskipingar som få andre. Logistikk, det kunne han til fulle. Og inga oppgåve var for lita og ingen jobb var for stor for han. Mang ein gong kunne ein lura på kor han tok energien og kreftene sine ifrå. Etter kvart som Idrottslaget fekk i gang eit tilbod for psykisk utviklingshemma, hadde Olav eit ekstra auga til dei og hjelpte alltid til med Special Olympics-stemna i august og februar. Han understreka alltid at dette arbeidet høyrde til dei beste opplevingane hans i Idrottslaget. Det viktigaste for han var «bort for folk å gjeva seg», som A.O.Vinje seier.

No når ein av dei beste og mest trufaste tenestemennene IL i BUL har hatt er borte, skjønar vi betre kor viktige slike usjølviske og energiske folk er for det frivillige idrettsarbeidet og organisasjonslivet. Olav Aaboen vil for alltid ha ei høg stjerne i BUL. Idrottslaget og Bondeungdomslaget takkar for den flotte innsatsen til Olav og lyser fred over minnet hans!

 

Følg oss på sosiale media