Foto: Terje Svindseth

Olaf Almenningen – Heidring av ein heidersmann

Om lag midtvinters runda Olaf Almenningen 70 år. Torsdag 30. mars vart han overraska med eit eige heidersskrift og feiring med meir enn 60 gjester i Teatersalen i Nynorskens hus. Boka «I teneste for nynorsken» (Novus Forlag) inneheld både faglege og personlege artiklar. I alt er det 20 kapittel og like mange skribentar. Olaf visste ikkje noko om høgtida før han vart lokka dit av eit par tidlegare redaktørkollegaer frå Norsk Ordbok. Det vanka godord og helsingar frå mange hald.

Ein ung strykekvartett frå Kjelsås opna ballet med herlege kammermusikalske tonar. Alv Reidar Dale var kjøkemeister på samkoma og batt programmet fint saman med skjemt og typisk vestlandshumor. Dei som fekk ordet frå talarstolen, var Åse Wetås (tidlegare direktør i Norsk Ordbok),

Magne Aasbrenn (leiar i Noregs Mållag) og Vigdis Rønning (styremedlem i Bondeungdomslaget, medlem i Idrottslaget i BUL). Dei framheva Olaf som ein arbeidsam og trufast lagspelar og brubyggjar i konfliktsituasjonar. Han er ein mann med store kunnskapar om soga til norskdomsrørsla. Det har han vist gjennom dei mange bøkene om lagshistorie og målreisingssoge han har skrive. Attåt har han omsett ei mengd lærebøker frå bokmål til nynorsk og gjeve ut rettleiingslitteratur med skrivereglar for nynorsk.

I Bondeungdomslaget har Olaf lang fartstid. Han vart medlem seint på 1970-talet og var leiar i Idrottslaget på slutten av 1990-talet. Med bygdebakgrunnen sin frå Voss er han prototypen på ein BUL-medlem: Allsidig, hjelpsam, folkeleg, glad i dugnader, tradisjonar og ulike kulturuttrykk, opplyst og frilyndt, og oppteken av idrott og fysisk fostring.

 

Følg oss på sosiale media