Nye tilsette på kontoret

BUL har fått to nye tilsette i sommar:

Jøran Normann er tilsett i ei ny deltidsstilling som ansvarleg for utleige, saldrift og sceneteknisk utstyr. Han er frå Surnadal på Nordmøre og har studert lyd- og musikkproduksjon hos Noroff i Oslo. Utanom å jobba i BUL er Jøran musikar og driv med scene- og studioteknikk både som jobb og på fritida.

Kari Velure er tilsett som ny organisasjonskonsulent med særleg ansvar for kommunikasjon og medlemsoppfølging. Ho er frå Sørfjorden i Hardanger og har utdanning innan statsvitskap frå Bergen og Amsterdam. Kari har lenge engasjert seg i frivillige organisasjonar og likar å bruka fritida si på miljø- og klimarelatert arbeid.

 

Jøran og Kari er kome godt i gang med arbeidet og me ser alle fram til å samarbeida med kvarandre i tida som kjem.

 

Ta gjerne kontakt med kontoret viss du lurer på noko eller berre vil helsa på oss!

Følg oss på sosiale media