Medlemsavgift og medlemskort 2017

Frå 2016 sender vi ut faktura for medlemsavgift på e-post.  Vi gjer merksam på at der det er oppgitt to e-postadresser blir faktura sendt til den første adressa, ta kontakt om faktura skal sendast til anna e-postadresse. Når fakturaen er betalt, kjem medlemskortet på e-post. Medlemer utan e-post får faktura og medlemskort i posten.

Ta kontakt på medlem@bul.no om du har ny e-postadresse eller andre opplysingar som gjeld medlemskapen din.

Les meir om medlemsavgift og treningsavgift her: http://bul.no/blimedlem/

Vi har sendt faktura og purringar. Blir det ikkje betalt eller gitt tilbakemelding innan fristen blir medlemskapen sletta utan nærmare varsel (gjeld ikkje nyleg innmelde).

Kontakt oss om du lurer på noko som gjeld betaling av medlemsavgift og medlemskort!

 

 

 

Følg oss på sosiale media