Målnemnda

Bondeungdomslaget i Oslo ønskjer å ta vare på den nynorske delen av kulturarven, og vil arbeide for å gje rom til nynorsken i Oslo og gjere det lettare å vere nynorskbrukar i hovudstaden. Vi ønskjer også at det vert fleire nynorskbrukarar i Oslo, og vil medverke til å styrke Bondeungdomslaget sin bruk av nynorsk. Til å fremje dette arbeidet har laget ei målnemnd.

Målnemnda arbeider for å styrke nynorsk som sidemål i den vidaregåande skulen og grunnskulen, ved å arbeide for betre opplæring og meir aksept og toleranse for språket.

Vi arrangerer kurs i nynorsk for lærarar og elevar i den vidaregåande skulen og ungdomsskulen.

Målnemnda arbeider også for å få til eit prøveprosjekt med nynorsk leksehjelp til elevar i den vidaregåande skulen, i samarbeid med andre lag.

Målnemnda vil også leggje til rette for god nynorsk i Bondeungdomslaget sine eigne forretningar og lagsarbeid. Vi fører tilsyn med bruken av nynorsk i forretningane til Bondeungdomslaget, og arrangerer arbeidsverkstader og kurs som kan medverke til å betre målbruken.

Målnemnda er også oppteken av desse spørsmåla:

å gje rom for nynorsk som forvaltningsspråk i Oslo, særleg i statlege etatar

å få meir nynorsk i media som har redaksjonar i Oslo.

Nemnda samarbeider gjerne med andre lag innan målrørsla og andre som ønskjer samarbeid med oss. Ta gjerne kontakt med oss.

Kontakt Målnemnda: [email protected]

Medlemer i Målnemnda:

Håvard Tangen

Olav-Johan Øye