Om BUL

Her finn du informasjon om Bondeungdomslaget i Oslo, forkorta BUL (uttale: bull)

BUL vart stifta 15. oktober i 1899 og er ein aktivitets- og kulturarvorganisasjon, som er open for alle som har lyst å vere med på aktivitetane våre.

Aktivitetane våre blir drivne gjennom eigne særlag

 

Idrottslaget har aktivitetane sine primært på Bislett Stadion, dei andre laga øver i Teatersalen i Rosenkrantz» gate 8, midt i Oslo sentrum.

Laget bygde Rosenkrantz» gate 8 – Bøndenes Hus – i 1913, der laget har administrasjonen sin og Teatersalen. I dette huset er Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden, som alle er eigd av BUL.

BUL si hovudsatsing fram til 2018 er å bygge opp  Nynorskens hus.

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL i Oslo) er medlem av både Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag.

Litt historie: Laget vart stifta i ei tid då svært mykje ungdom frå bygdene (bondeungdom) flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid. Den sterke industrialiseringa på denne tida førte til ei stor sosial omvelting. Det var vanskelege levekår, både sosialt og kulturelt. Mange følte seg bortkomne, heimlause og møtte manglande respekt både for måten dei snakka på og tradisjonar dei tok med seg. Samstundes var landet midt oppe i den politiske striden om unionen med Sverige. Det var også ein sterk vekst i organisasjonslivet, og både mållag og ungdomslag voks fram over heile landet.

Bondeungdomslaget i Oslo vart skipa som ein del av ei politisk og nasjonal rørsle, men òg for å skape ein sosial og trygg samlingsplass for innflyttarar.

Bondeungdomslaget i Oslo var sentral i stiftinga av Det Norske Teatret, og er framleis største aksjonær.
Saman med Det Norske Teateret og Noregs Ungdomslag, stifta BUL Den mangfaldige scenen AS i 2013.

Styret og rådet i Bondeungdomslaget (BUL) etter årsmøtet 29.3.2017

Olaf Almenningen – Heidring av ein heidersmann

Årsmøte 2017

Medlemsavgift og medlemskort 2017

Velkommen til Bondeungdomslaget

Nynorskens hus

Adresseendring

Lov og styringsføresegn

Bli medlem

Kontakt oss

Styringsorgan i BUL 2016-2017

Administrasjonen i BUL

Følg oss på sosiale media