Fornying av Teatersalen

Teatersalen til BUL har eksistert i over 100 år og er eit svært viktig og kjært lokale for særlaga våre, Nynorskens hus og Den mangfaldige scenen. Dette var Det Norske Teatret sin fyrste scene (1913–1947) og har også sidan den tid vore ein arena for teater, i tillegg til song, dans og andre arrangement. No, i 2017, var det på høg tid å gi salen ei skikkeleg fornying – hovudsakleg med tanke på det tekniske utstyret.

Før arbeidet byrja stilte medlemmar frå dei ulike særlaga opp og rydda salen, demonterte utdatert teknisk utstyr og fjerna sceneteppe og gamle sceneplattingar. Sceneteppa har hengt der så lenge at dei truleg har opplevd meir applaus, latter og gråt enn dei fleste av oss gjer i løpet av vår levetid.

Etter denne fantastiske innsatsen var salen klar for fornying og i løpet av sommaren har me samarbeida med mange dyktige aktørar som har installert ein ny trosserigg til lys og lyd på scenen, nye rørlege LED-lyskastarar og me har fått heng opp nye sceneteppe – som no heng klare for ein ny epoke med liv og latter.

Semesteret er i gang og særlaga har vakna til igjen etter sommaren og teke i bruk salen. Viss du har lyst til å vera med på leikarring, teater eller song i vår fornya sal, kan du ta kontakt med dei ulike særlaga eller sjekka arrangementa på nynorskenshus.no. Viss du ynskjer å leiga salen til eit arrangement, kan du fylla inn skjema for utleige eller ta kontakt med BUL-administrasjonen.

 

Teatersalen

 

Følg oss på sosiale media