Edvard Os-kveld 22. mars kl. 19 i Teatersalen i Nynorskens hus

Eit liv i strid for mål og kultur

Onsdag 22. mars kl. 19.00

Nynorskens hus, Teatersalen, Rosenkrantz» gate 8, Oslo

Nordfjordingen var forfattar, forlagsmann, redaktør, offiser og den fyrste skrivaren i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Ein uredd mann med ovstor arbeidskapasitet.

Sonesonen Bendik Os kåserer om den mangslungne og arbeidsame farfar sin, som han nyleg har skrive biografi om.

Den unge spelemannen Fredrik Hope frå Hyen spelar musikk frå Nordfjord. Fredrik er nestleiar i Norsk Målungdom.

Programmet, kaffi/vatn og noko å bita i får du for berre 50 kroner.

Tilskipar: Målnemnda i Bondeungdomslaget i Oslo og Fylkesmållaget Vikværingen

Dato
22. mars 2017
Kl.19.00

Følg oss på sosiale media