Bondehytta 100 år i Bondeungdomslaget

I år er det heile 100 år sidan Bondeungdomslaget kjøpte Bondehytta. Hyttestyret inviterer difor alle BUL-medlemmer til jubileumsfeiring 9.–10. september.

Me håpar at alle som har gode minne frå hytta, eller som har lyst til å besøke lagshytta for fyrste gong, vil nytte høvet til å bli med oss på hytta. Ta gjerne med nokre gode lags-/hyttevener – kanskje nokon du har vore på hytta med i tidlegare tider?

Det blir mat, filmvisning, musikk og glimt frå historia til hytta.

 

Praktisk info:

– Det vil vere folk på hytta frå fredag kveld.

– Hovudmarkeringa blir på laurdag 9. september (ideelt for ein dagstur)

– Offisielt program etter kl. 17 på laurdag

 

For dei som vil overnatte:

– Ta med sovepose/sengetøy

– Ta med brødmat og pålegg, så dekkjer me til felles frukostbord på sundag.

 

Korleis kome seg til hytta:

Hytta ligg i Nordmarka ved vatnet Ørfiske. Det er ein liten time å gå til hytta frå Movatn tog-stasjon. Tog frå Oslo S til Movatn (Oslo-takst) annankvar time på laurdag (7:42, 9:42, 11:42, 13:42, 15:42, 17:42 osb.). Sjå NSB/Ruter for fleire tider. Toget bruker 21 min til Movatn. Nokon frå hyttestyret vil møte på Movatn stasjon kl. 12:04 (avreise Oslo S kl. 11:42) for felles gåtur til hytta.

 

Me vil også komme med bil til Movatn stasjon 16:15 (tog 15:42 frå Oslo S) om det er nokon som er dårleg til beins. Gje beskjed om de treng skyss med bil.

 

Det er også mogleg å køyre bil til Movatn (men avgrensa med parkeringsplassar), gå frå Nittedal eller gå/sykle frå andre stadar i marka.

 

Kart:

http://goo.gl/maps/JVcng

 

 

Påmelding:

Ver venleg å melde i frå om du kjem (og ev kor mange du har med) seinast torsdag 7. september, så veit me kor mykje mat me treng.

 

PS:

Me ønskjer å lage eit biletarkiv frå Bondehytta. Om du har nokre gamle bilete vil me setje stor pris på om du kan sende til annec.johansen@gmail.com, eller ta med bilete på minnepinne eller papir når du kjem.

 

Me håpar å sjå mange kjende og nye fjes på hytta denne helga 🙂

 

Helsing styret for Bondehytta

v/Øystein Gammersvik

98 48 77 44

oystein.gammersvik att gmail dott com

 

Dato
9. september 2017
Kl.17.00

Følg oss på sosiale media