Foto: Terje Svindseth

Bli medlem

For å vere med på aktivitetane i BUL sine særlag, Barnelaget, Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget eller Teaterlaget, må du melde deg inn i Bondeungdomslaget i Oslo. Du kan også vere medlem utan å vere med i ein spesiell aktivitet. Då er du berre medlem av hovudlaget.

Meld deg inn ved å klikke på knappen til høgre

Medlemskontingent:

  • Idrottslaget, frå 425 til 900 kroner per år (treningsavgift to gonger i året kjem i tillegg til medlemsavgift)
  • Leikarringen, 800 kroner per år (700 for studentar og pensjonistar)
  • Songlaget, 2 000 kroner per år (600 for studentar)
  • Teaterlaget, 800 kroner per år (700 for for studentar)
  • Hovudlaget (BUL), 650 kroner per år

Eit medlemskap gjeld frå 1. januar kvart år (ev. frå innmelding).

Faktura for medlemsavgift blir sendt på e-post (ein gong per år) frå hovudlaget i BUL i januar eller ved innmelding. Medlemsavgifta skal betalst til konto 7874 42 01283. Når medlemspengane er betalt, sender vi medlemskort på e-post. Medlemer utan e-post får faktura og medlemskort i posten.

Spørsmål om medlemsavgift kan rettast til medlem@bul.no.

Treningsavgift til Idrottslaget:

Treningsavgift kjem i tillegg til medlemskontingenten for medlemer i IL. Den blir fakturert frå Idrottslaget i BUL to gonger i året per e-post og skal betalast til konto 8101 07 04510.

Spørsmål om treningsavgift kan rettast til idrottslaget@bul.no.

Treningsavgifta går til drifta av gruppene; trenarar, startkontigent, lokaleleige osv. Ein kan ikkje trene utan at medlemsavgift og treningsavgift er betalt.

Prisar på treningsavgift:

  • 5-10 år: 650 kroner per halvår
  • 11-14 år: 800 kroner per halvår
  • 15 år og eldre: 900 kroner per halvår

Medlemsfordelar:

Følg oss på sosiale media