Aksel Waldemar Johannessen (1880-1922)

Aksel Waldemar Johannessen vaks opp i Oslo, først på Kampen, så på Hammersborg. Faren var skomakar og hjelpepolitimann. Det blir fortalt at han kom frå solid arbeidarklassemiljø.

Frå 1900 til 1907 utdanna han seg til kunstnar. Han er sju semester på SHKS (Kunst-og Håndverksskolen) under bilethoggar Lars Utne og ei tid i treskjæraratelieret til Borgesen. Deltek på Statens kunstutstilling 1905-07. Gifta seg i 1907 med Anna Nilsen, flytta til Gjøvik og arbeidde ved Sandvold møbelfabrikk. Tilbake i Kristiania i 1912 får Aksel Waldemar kontakt med Hulda Garborg og etablerer, saman med hustrua Anna, i 1912-13 Heimen, i dag Heimen Husflid. Dette blir systova til Det Norske Teatret, der han jobbar som scenearbeidar. Anna syr kostymar til teatret si første framsyning, Jeppe paa Bjerget; Aksel Waldemar står for scenografien. Han deltek aktivt i det store Teaterslaget i 1913.

Saman med Hulda Garborg bles dei nytt liv i ein utdøyande bunadstradisjon og rekonstruerer Valdresdrakta og Gudbrandsdalsdrakta. Aksel Waldemar og Anna blir ein del av det kjende miljøet i Kunstnerdalen i Asker, der ei rekkje kunstnarar, skodespelarar og diktarar høyrer heime. Kristoffer Uppdal blir, ved sida av Garborgs, deira næraste venner.

I 1922 blir Anna alvorleg kreftsjuk. Dette maktar ikkje Aksel Waldemar å leve med. Alkoholen tek overhand, han blir funnen døddrukken og køyrd til Ullevål sjukehus der han døyr med si sjuke hustru sitjande ved si side.

Ved hans død var det berre eit par venner som visste at han arbeidde med måleriet. Han måla korkje for publikum eller teatret, men for å løyse sitt eige livs indre konfliktar. Saman med den sjuke Anna fekk Hulda Garborg, kunstmålar Ola Abrahamsson og Kristofer Uppdal arrangert ei stor minneutstilling hos Blomqvist kunsthandel. Det blei ein sensasjon. Munch, Jappe Nilssen, Vigeland og fleire andre engasjerte seg og genierklærte kunstnaren. Medan utstillinga er i gang, døyr Anna. Overformynderiet beslaglegg bileta på vegner av dei to mindreårige døtrene Aasa og Solveig, som kom i pleie hjå formyndaren sin på Granerud gard på Nesodden.

Så blir alt gløymt!

Det heile kunne enda på historias skraphaug, men i 1990 får kunstkjennaren Haakon Mehren sjå nokre bilete på ein låve måla av ein for han ukjend kunstnar, Aksel Waldemar Johannessen. Han forstår straks betydinga av desse kunstverka og startar, saman med forfattar Tor Obrestad og kunsthistorikar Øivind Storm Bjerke, eit to års langt arbeid med å rekonstruere målaren sitt liv og virke.

Den attlevande yngste dottera, Solveig, 76 år, og resten av bileta blir spora opp, like eins 94-årige Maja Johnsen, som hadde vore tilsett i Heimen i nesten femti år. Boka Aksel Waldemar Johannessen. Vår glemte maler kjem ut på Gyldendal Norsk Forlag.

Utstillinga hjå Blomqvist i 1922 blir med stor suksess rekonstruert i dei same lokala i 1992. Blir også vist i Bergen, Stavanger og musea i Skien. Deretter store utstillingar i utlandet: Dogepalasset i Venezia, Palazzo Te i Mantova, Berlin, Leopold Museum i Wien. Eit skodespel om gjenoppdaginga, Der vergessene Maler, blir oppført i fleire land. Ei rekkje bøker på fleire språk kjem ut. Boka Dansen gjennom skuggeheimen. Kampen for Aksel Waldemar Johannessen (Orfeus Forlag, 2009) fortel om dette.

I 2015 donerer Haakon Mehren med familie heile den grafiske produksjonen til kunstnaren, samt to måleri, til BUL – Teatersalen, like eins måleri til Det Norske Teatret. Haugar Museum i Tønsberg opnar utstillinga «Aksel Waldemar Johannessen. Arbeiderklassens maler».

Følg oss på sosiale media